fredag 19. mars 2010

Første makramè laurdag, 20.februar.

Nokre av arbeida som blei laga den fyrste dagen.
Marte og Sigrid ønska makramè som tema
på spørsmålet om kva aktivitetar dei kunne tenkje seg.
Dette blei banka igjennom med ein gong.
Å du kor kjekt vi har hatt det.

Sigrid, Stine, Marte, Ådel og Randi.

Her er vi i full sving. Perler, silkeband, hampetau og
bommulstråd av alle slag er å finne.
Mangler ein noko rekk ein å springe på butikken.

Læremeisterane våre, Sigrid og Marte.

Etter ein kjapp tur på butikken for å kjøpe seg
ein "makramèpinne" (sjå nederst) + litt til,
starta endå ei med å lage seg armband.

Yngste deltakar, Stine.

Dette nydelige armbandet er det Sigrid som  har stått for.
Godt dreven i faget vil eg sei.


MAKRAMÈPINNE
Ikkje noko ein apselutt treng, men eit godt redskap.
Den du får kjøpt på butikken ser slik ut,
og koster opp under kr 50,-.

Men vil du bruke desse pengane til perler i staden,
tek du ein borbit og tre spikarar og lagar ein sjølv.
Den lengste avstanden mellom spikarane ca. 30 cm,
og ein mitt i mellom, men litt ut til sida så den ikkje er i vegen.

For å lage den avansert kan ein børe hol
og sette i tretappar eller rundstokk i staden.
Tappane kan vere lause,
og holet i midten kan vere på linje med dei i endane
fordi du tek den då vekk under arbeid.

1 kommentar: