lørdag 5. februar 2011

Strikke- og heklekafe :o)

I dag var det strikke-og heklakafe hos oss! Har du lyst å sjå kva vi gjer på så kom gjerne innom. Når skiltet vårt er ute så har vi ope:

Kik gjerne inn gjennom vindauga...du kan såvidt skimte både fjell, hus og troll..

Inger-Lise har for sal flotte bilde av Brattvågen!

Lenger inn skimter vi gjengen...skravle-skravle, strikketistrikk og hekletihopp!

Myra er og med! No ligg ho fint på stolen, men kjem det mannfolk forbi så fer vi alle høyre advarslane hennar ;o)

Flinke og kjekke jenter!

Vi tek med all slags handabeid, ikkje berre strikk og hekl her nei:

 Når praten gjeng livilig må ein ha noko å bite i og kaffi sjølvsagt!

Innimellom så heklast det på eit teppe vi skal selge til inntekt for laget vårt. Det blir eit flott bestemorteppe i Smartgarn i tradisjonelle farger. Kanskje blir det ferdig til sommaren...? Vi fer sjå kor flinke vi er :o)

1 kommentar:

  1. Det var nokre kjempehyggelege timar. Håper mange kan finne vegen hit neste gong!

    SvarSlett